Den Norske Automobilfabrikk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den Norske Automobilfabrikk, R. Hesselberg-Mayer AS vart stifta i 1936, i lokala til den tidlegare Norsk Automobilfabrikk på Kambo utanfor Moss [1]. Føretaket produserte ikkje eigne bilar, men importerte Plymouth frå USA, som dei monterte på Kambo. Produskjonen tok til i 1937. I 1938 tok dei til med lisensproduksjon av Adler.
Under 2. verdskrig tok den tyske okkupasjonsmakta over lokala og nytta dei til å reparere Junker-fly. Etter krigen var det ikkje lenger ynskjeleg å produsere tyske bilar og produskjonen av avgrensa til lastebilproduksjon i liten skala. I etterkrigstida var det òg monterte ymse bilmerke i lokala, men føretaket gjekk etter kvart over til å importere ferdige bilar.
[endre] Referansar
- ↑ Kvamme, P., Trollmenn & askeladdar. Norges kuriøse bilproduksjon, Det Norske Samlaget, 1999.
[endre] Sjå òg
Norske bilfabrikkar | |
---|---|
Bjering | Den Norske Automobilfabrikk | Elbil Norge | Geijer | Mustad | Norsk automobilfabrikk | Stavern Bilfabrikk | Think Nordic | Troll |
Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over teknologispirer. |