Den skotske fridomskrigen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den skotske fridomskrigen (1297-1314) vart innleidd etter at Skottlands konge, Alexander III, døydde i år 1286 utan å lata etter seg nokon kronarving. Dette leidde til at dei skotske klanane hamna i disputt om kven som skulle få krona. Den engelske kongen, Edward Longshanks, hevda at han skulle ha rett til krona og at Skottland berre var ein del av England. Skottland laga då ei pakt med det engelskfiendtlege Frankrike, og Longshanks bestemte seg for å slå hardt til. I året 1296 vart Skottland invadert, og takk vere Longshanks sin store siger i Slaget ved Dunbar vart Skottland hastig okkupert av engelskmennene, noko som skottane aldri kunne akseptere.
Under William Wallace samla tusentals skottar seg og starta eit opprør i mai 1297. Den 11. september same året vart engelskmennene sin nordlege armé slegen ved slaget ved Stirling Bridge; skottane triumferte og Wallace vart utropa til regent.
Men Longshanks kom tilbake i juni 1298 og slo Wallace i Slaget ved Falkirk. Wallace måtte då fly trona og fór til Frankrike. Han vende tilbake til Skottland i byrjinga av 1300-talet og vart teken til fange i Glasgow. Wallace vart førd til London, og pint i hel der.
Alt var likevel ikkje tapt. Longshanks døydde snart av alderdom, og son hans var ikkje like dugande som regent og hærførar. Robert Bruce heldt fram kampen mot England. I det store Slaget ved Bannockburn vart Edvard II av Englands hær slegen, og han flydde med ein båt heim til England. Skottland vart sjølvstendig, og Robert Bruce vart konge.
Frå år 1707 vart Skottland og England likevel begge styrt frå London.
Kjelde: Svensk wikipedia, artikkelen Skotska frihetskriget.
![]() |
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |