Det brazzavillekongolesiske flagget
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flagget til Kongo-Brazzaville vart først tatt i bruk den 18. august 1958. I 1970 vart flaget forkasta, men tatt i bruk att den 10. juni 1991. Fargane er dei tradisjonelle panafrikanske som opphaveleg kom frå det etiopiske flagget. Skråstripene går oppover mot høgre, og den gule stripa i midten er smalare enn den grønne øvst og den raude nerst. Grønt symboliserer nauturen, gult naturrikdomane og raudt symboliserer blodet til menneska.
I perioden 1970–1991, då landet gjekk under namnet Folkerepublikken Kongo, vart det opphavlege nasjonalflagget erstatta av eit meir kommunistisk inspirert flagg: Heilraud flaggduk med statsemblemet i kantonen. Statsemblemet var samansett av tradisjonelle element frå sosialistisk emblematikk: Krosslagt hammar og hakke kombinert med den kommunistiske stjerna, det heile innramma av palmegreiner, eit lokalt innslag.
[endre] Kjelde
- Wikipedia på engelsk, den 22.01.2007
- Wikipedia på riksmål/bokmål, den 22.01.2007