Det danske rettssystemet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det danske rettssystemet er rimeleg likt det norske. Det er delt inn i tre ulike instansar: Byrettar, landsrettar og høgsterett.
Dei 82 byrettane tek for seg sivile saker, fogdesaker og skiftesaker i tillegg til mange straffesakar i første instans.
Dei to landsrettane, Østre og Vestre Landsret, tek for seg ankesakar, men er òg første instans i mange saker.
Højesteret er den øvste domstolen i landet og tek for seg ankar.
I tillegg har Danmark ulike særdomstolar, til dømes Den Særlige Klageret, der ein kan klaga inn kvar av domstolane, og Sø- og Handelsretten, som tek for seg handels- og sjøfartsaker i Storkøbenhavn.