Det estetiske stadiet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det estetiske stadium er ifølgje filosofien åt Søren Kierkegaard det første av dei tre stadia på vegen mot full personleg fridom. Dette stadiet er kjenneteikna ved hedonisme (i sin vidaste forstand) og egoisme kombinert ved manglande forståing av det frie valet. Det estetiske stadiet ender i keisemd, ofte kompensert for ved stadige miljøendringar, og til slutt ei kjensle av vonløyse. Berre ved å bryte med det estetiske stadiet kan personen komma vidare. Dette brotet, som er kjenneteikna ved truskap til ein bestemd rolle i det private og/eller offentlege livet åt denne personen saman med bevisste val mellom det gode og det vonde, fører personen vidare til det etiske stadiet.
[endre] Sjå òg
- Det estetiske stadiet
- Det etiske stadiet
- Det religiøse stadiet
[endre] Kjelder
- «Søren Kierkegaard» ved Karey Perkins.
Denne filosofiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over filosofispirer. |