Det kiribatiske flagget
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kiribati sitt flagg er sett saman av ein raud øvre halvdel der ein fregattfugl flyg over ei stigande sol, begge i gull. Den nedre halvdelen har tre kvite og tre blå vassrette band i bølgeform.
Dei tre bølgene står for dei tre øygruppene som utgjer staten Kiribati: Gilbert-, Line og Phoenixøyane. Dei sytten solstrålene står for dei 16 Gilbertøyane og Banaba.
Fregattfuglen (Fregata minor) heiter te eitei på kiribatisk, den stigande sola heiter otintaai.
Symbola blei formgjeven av Arthur Grimble i 1932 for den britiske kolonien Gilbert and Ellice Islands.