Det seriøse partiet McGillicuddy
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det seriøse partiet McGillicuddy var eit lettsindig parti (eller tulleparti) i New Zealand. Hovudsakane til partiet var:
- "Det store spranget tilbake", å gå tilbake til ein mellomaldersk levestil.
- Etableringa av eit monarki bygd på det som vart omtala som den skotske (Jacobinisme) lina.
- Avskaffing av pengar, eller innføring av sjokoladefiskar som lovleg betalingsmedel.
- Knusing av parlamentsbygninga.
- Heving av aldersgrensa i skulen til 65.
- Full arbeidsløyse
- Øydelegging av Auckland sentrum for å byggje eit enormt solur - Sky Tower skulle nyttast som visar.