Digital
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Digital informasjon er informasjon basert på det binære talsystemet, 0 og 1. Analoge signal (som til dømes lyd) må kodast digitalt ved å punktprøve ("sample") lyden, altså ta prøvar av lyden fleire gongar per sekund og konvertere dette til digital informasjon (nullar og eitt-tal).
Instruksjonar i eit dataprogram og alle former for data er bygde opp av kombinasjonar med 0 og 1 sette saman i grupper (til dømes ein byte som er 8 binære verdiar). Ein seier at informasjonen er lagra digitalt.
Digitale signal er signal der amplituden brått endrar seg frå eit nivå til eit anna. Dette er i motsetnad til eit analogt signal som skiftar verdi kontinuerleg. Endringane vert brukte til å representere dei binære verdiane 0 og 1 som alle datamaskiner er basert på anten det gjeld handsaming eller overføring av data.
![]() |
Denne elektronikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over elektronikkspirer. |