Dillo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dillo er ein liten (rundt 350kB), veldig rask og minimalistisk GPL-lisensiert nettlesar skrive i programmeringsspråket C med GTK. Fyrst utgjeven i Desember 1999.
Nettlesaren er sers eigna for gamle og mindre datamaskinar (som til dømes Playstation 2) og integrerte system. I tillegg til å vera liten, er Dillo opptake av tryggleik, mellom anna er informasjonskapslar slege av til vanleg. Dillo finst til dei fleste POSIX-kompatible UNIX-system, som til dømes GNU/Linux, BSD og Mac OS X.
I versjon 0.8.6 stør ikkje Dillo CSS, Javascript eller Java. Det finst ikkje stønad for fanar eller antialiasing av tekst, men det finst tredjeparts fiksar til dette.
Sist versjon (0.8.6) var sluppe i mai 2006 og skal vera siste versjon som nyttar GTK. Neste versjon skal vera ei umskriving til FLTK, men han vert ikkje sluppe fyrr prosjektet fær pengar til vidare utvikling. Jorge sa Dillo ikkje ville verta vidare utvikla fyrr dei hadde stønad frå føretak.
Frå august 2006 hev det vorte starta ein kampanje for å redda Dillo.