Don't Leave Me Now
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Don't Leave Me Now er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters. Songen vart gjeve ut på albumet The Wall i 1979.
Innhaldsliste |
[endre] Komposisjon
Songen er delt inn i to hovuddelar. Den første delen er dempa og roleg, med ein ganske kynisk tekst. Den andre delen inneheld ei langvarig og kjenslemessig bøn, og er ikkje så dempa og roleg.
[endre] Plot
Som dei andre songane på The Wall fortel «Don’t Leave Me Now» historia om hovudrolla Pink. I denne songen prøver Pink å takle kona sitt utruskap, men feilar. Han legg skulda på ho for at han har det vondt.
[endre] Filmversjon
Pink ligg i svømmebassenget sitt og kuttet frå handa hans fyller det med blod. Han ser kona si ha eit forhold. Ein kan så sjå han i eit avlangt, firkanta hotellrom der skuggen til kona dukkar opp på veggen, men skuggen vert gradvis forvandla til ein gigantisk knelar som jagar Pink rundt i rommet.
[endre] Medverkande
- David Gilmour - gitarar, bass, pusting og vokal
- Nick Mason- trommer
- Roger Waters - vokal, gitar og synthesizer
- Richard Wright - basspedalar, orgel, piano og synthesiser.
[endre] Kjelde
- Fitch, Vernon. The Pink Floyd Encyclopedia (3rd edition), 2005. ISBN 1-894959-24-8