Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark | ||
Totalareal | 1693 km² | |
Landareal | 1693 km² | |
Sjøareal | 0 km² | |
Område | Oppland,Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag |
Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark er ein nasjonalpark i hjartet av fjell-Noreg. Dovrefjell har vore eit nasjonalt symbol sidan fedrane på Eidsvoll i 1814 avla eiden Enige og tro til Dovre faller. Nasjonalparken vart oppretta i 2002 og omfattar areal i Sunndal, Nesset, Oppdal, Lesja og Dovre kommunar i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Oppland fylke.
[endre] Vern og bruk av parken
Vernet av Dovrefjell - Sunndalsfjella nasjonalpark har til formål å ta vare på
- eit i det vesentlege urørt fjellområde,
- eit høgfjellsøkosystem med det naturlege biologiske mangfoldet,
- ein viktig del av leveområdet til villreinen i Snøhetta og Knutshø.
Folk skal hahøve til naturoppleving gjennom tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.