Duefuglar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Duer |
||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
![]() Tyrkardue (Streptopelia decaocto) |
||||||||||
Systematikk | ||||||||||
|
||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||
Columbiforme Latham, 1790 |
Duefuglar (Columbiformes) er ein fugleorden som er sett saman av to familiar: Dei talrike og vidspreidde duene (Columbidae), og dei no utdøydde drontane (Raphidæ). Sandhønsfamilien er blitt rekna til denne ordenen, men er seinare blitt skilde ut i den eigne ordenen Pteroclidiformes.
Fuglane har eit kranium som minner om det på måkar. Brystmuskulaturen er krafti og baktærne velutvikla. Fjørene sit laust og manglar dun, i staden er dekkefjøra dunaktige.
Dei et særleg frø og har ei velutvikla kro. Nasebora kan stengast og dei kan drikka utan å løfta hovudet.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- PDF-fil om fuglar (Aves) på uib.no