Dyirbal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dyirbalsk (dyirbal) |
||
Klassifisering: | australske språk
pama-nyunganske språk |
|
Bruk | ||
Tala i: | Australia | |
Område: | I den nordaustre delen av Queensland | |
Dyirbalsktalande i alt: | ca. 5 | |
Rangering: | Ikkje blant dei 100 mest utbreidde språka | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2: | aus | |
SIL | DBL |
Dyirbal er eit australsk språk i den pama-nyguanske språkfamilien. På grunn av R.M.W. Dixon si doktoravhandling frå 1968 er dyirbal svært godt kjend blant lingvistar, og det blir ofte brukt som døme på australske språk. Genussystemet i dyirbal har geve namnet til George Lakoff si kjende bok Women, fire and dangerous things, eit av dei sentrale verka innafor kognitiv lingvistikk.
Innhaldsliste |
[endre] Avleidde språk
Tradisjonell dyirbal hadde eit avgrensa språk, eit såkalla svigermorspråk, som vart brukt når talarane var innom høyrevidde til personar i slakta dei ikkje kunne snakke til, som svigermor, svigerbarn, barna til fars søster eller morbror. Dyirbal sitt svigermorspråk vart kalla dyalŋuy, mens "vanleg" dyirbal vart kalla guwal. I følgje Dixon 1983 har dyalŋuy ikkje vore i bruk sidan 1930-talet.
[endre] Lydsystem
[endre] Vokalar
[endre] Konsonantar
[endre] Fonologi
[endre] Historiske lydendringar
[endre] Grammatikk
Dyirbal er kjend for det ergative kasussystemet sitt.
[endre] Ordforråd
[endre] Genussystem
Tradisjonell dyirbal har 4 genera, som blir markert ved at talaren sett ein variant av eitt av dei fire orda, bayi, balan, balam, bala foran substantiv. Genus I (bayi) er for menneske av hankjønn og levande vesen som ikkje er menneske, genus II (balan) for menneske av hokjønn, vatn, eld og slåsting, genus III (balam) for etande frukt og grønsakar, og genus IV (bala) for alt anna. For å vere i stand til å gi rett genus til orda i dyirbal må ein kjenne tradisjonell dyirbalmytologi. Ord for fuglar får til dømes genus II, fordi mytologien seier at fuglane er sjelene til døde kvinner. Månen og sola er i mytologien mann og kone, og dermed er ordet for måne, gagara, genus I og ordet for sol, garri, genus II
I moderne dyirbal er balam-genus forsvunne, orda herfrå er no i bala-genus IV. Genus I, bayi, er som før, balan-genus er berre for menneske av hokjønn, og bala-genus er som før genus for alt anna.
[endre] Historie
I starten av 1800-talet var det sannsynlegvis minst 5000 dyirbal-talarar.
I 1963, då R.M.W. Dixon starta arbeidet sitt med dyirbal, var det snesvis med talarar, også barn. I løpet av tiåra etterpå har talet på talarar gått drastisk ned, og det er i dag berre eit par att. Allereie i starten av 1980-talet var dyirbal-grammatikken drastisk endra samanlikna med det Dixon kunne dokumentere i 1963.
[endre] Døme
Korte døme på språket.
[endre] Litteratur
- Dixon, Robert Malcolm Ward (1972): The Dyirbal Language of North Queensland. Cambridge et al.: University Press, 1972 (PhD-Thesis, Univ. London, 1968)
- Dixon, Robert Malcolm Ward (1983): Searching for Aboriginal Languages. Memoirs of a field worker. St Lucia: University of Queensland Press, 1983
- Schmidt, Annette (1980): "Young people's Dyirbal. An example of language death from Australia"
[endre] Eksterne lenkjer
![]() |
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |