Effektivitet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Effektivitet i sosialøkonomisk forstand tydar det å oppnå ei høg verdiskaping samstundes som ein ikkje nyttar mykje ressursar. (Busch, Johnsen og Vanebo, 2002).
Effektiviteten til noko avhenger såleis av kva vi meiner med verdiskaping, og kva vi meiner med ressursbruk. Dette er tema som ein i få tilfelle vil bli sams om. Samstundes er ikkje alltid all verdiskaping og ressursbruk målbar. Likevel nyttast omgrepet som ein oppfordring for kva ein ynskjar å oppnå på mange felt i livet, gjerne uten at ein klargjer kva ein legg i dei underliggjande omgrepa verdiskaping og ressursbruk.
Omgrepet vert ofte forvirra med det relaterte omgrepet produktivitet. Produktivitet tydar imidlertid ei størst mogleg produksjon av noko i forhold til ressursbruken. Effektivitetsomgrepet er med andre ord vidare.
[endre] Kjelde
- T. Busch, E. Johansen, J.O. Vanebo: Økonomistyring i det offentlige. 3.utgåve. Oslo, 2002.