Ekornfamilien
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ekornfamilien |
||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Raudt ekorn fotografert av Svein Jan Hjelmeset |
||||||
Systematikk | ||||||
|
||||||
Artar | ||||||
Sciurus carolinensis |
Ekornfamilien er ei gruppe enkelttanna gnagarar i familien Sciuridæ (frå gresk: skia «skygge» and oura «hale», med andre ord «hale som kastar skugge»). I Noreg finst arten raudt ekorn som vanlegvis bare blir omtala som ekorn.
[endre] Artar
Familien omfattar over 250 artar inndelt i rundt femti slekter. Dei dyra ein først og framst tenker på som ekorn i nordlege delar av verda er dei som lever i tre, men også præriehundar og murmeldyr høyrer til ekornfamilien.
Ekorn har ein hale med stritt hår, men ikkje nødvendigvis ein kjempestor, pelskledd hale. Bakbeina er kraftige, og ekornene går ofte oppreist på to ben og bruker forføttene som «hender». Dei har fire frie tær med kraftige klør på frambena og fem på bakbeina. Hovudet kan ha noko forskjellig form i ulike artar.
[endre] Trelevande ekorn
Trelevande ekorn er smidige klatrarar som lever i trær. Dei har ein hale som med sin tjukke pels er nesten like stor som resten av kroppen; denne vert brukt til å halda balanse og manøvrera ved hopp. Mange treekorn har spisse duskar på øyrene. Artar som lever i nordområde går som regel i uekte dvale om vinteren.
[endre] Bakkelevande ekorn
Bakkelevande ekorn lever som regel under bakken, ofte i store koloniar. Til denne gruppa reknar me m.a. præriehundar og murmeldyr. Bakkelevande ekorn har oftast kort og robust pels, store augo og mindre øyro og hale enn dei trelevande slektningane sine. Fleire av artane går i ekte dvale.