Eldrid Lunden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eldrid Lunden (fødd 5. oktober 1940 i Naustdal) er ein norsk lyrikar og professor i skrivekunst.
Ho er utdanna cand. philol. frå Universitetet i Oslo 1973, hovudoppgåva hennar i nordisk heitte «Kvar gjekk Nora? : individualisme og kvinnesyn i tre norske drama». På 60-talet var ho del av Profil-krinsen, ei tid var ho også redaksjonsmedlem i Profil. Ho var med å starta opp forfattarstudiet ved Høgskolen i Telemark, Bø i Telemark, frå 1982 var ho hovudlærar der, og i 1996 vart ho den fyrste professoren i skrivekunst i Noreg.
Forfattardebuten kom i 1968 med diktsamlinga «f.eks. juli». Ho vert rekna som ein av våre fremste lyrikarar.
[endre] Prisar og utmerkingar
- 2005 - Mads Wiel Nygaards legat
- 2000 - Amalie Skram-prisen
- 2000 - Brageprisen: heidersprisen
- 1997 - Melsom-prisen
- 1992 - Aschehougprisen
- 1989 - Doblougprisen
- 1982 - Nynorsk litteraturpris for Gjenkjennelsen
[endre] Verk
- 2004 Kvifor måtte Nora gå? : nye essays og andre tekstar (Aschehoug, Oslo)
- 2000 Til stades : (tekstar om erindring og gløymsle) (Aschehoug, Oslo)
- 2000 Dikt i samling : 1968-2000 (Den norske lyrikklubben, Stabekk)
- 1996 Slik sett, diktsamling (Aschehoug, Oslo)
- 1992 Dikt i samling : 1968-1990 (Samlaget, Oslo)
- 1990 Noen må ha vore her før, diktsamling (Samlaget, Oslo)
- 1989 Det omvendt avhengige, diktsamling (Samlaget, Oslo)
- 1982 Gjenkjennelsen, diktsamling (Samlaget, Oslo)
- 1982 Essays, artiklar og essay (Samlaget, Oslo)
- 1977 Mammy, blue, diktsamling (Samlaget, Oslo)
- 1976 Hard, mjuk, diktsamling (Samlaget, Oslo)
- 1975 Inneringa, diktsamling (Samlaget, Oslo)
- 1968 f. eks. juli, diktsamling (Samlaget, Oslo)
Eg er berre ei spire med tankar få eg veks berre til om du fyller på |
Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide denne spira.. | |
Oversyn over litteraturspirer. |