Eliza
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eliza er ei engelsk kortform av kvinnenamnet Elizabeth som etter kvart er blitt eit namn i sin eigen rett. Det er mykje brukt i heile den engelsktalande verda, men er uvanleg i Noreg, der Elisa og Elise dominerer.
[endre] Kjende namneberarar
- Eliza, slaveheltinne i romanen Onkel Toms hytte
- Eliza Doolittle, heltinne i skodespelet Pygmalion av George Bernard Shaw og musikalen My Fair Lady
Dataprogrammet ELIZA, som simulerer ein samtaleterapeut, er kalla opp etter Eliza Doolittle.
[endre] På verdsveven
- Søk etter norsk namnestatistikk for Eliza hjå Statistisk Sentralbyrå