Elva Mesta
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mesta | ||
Utspring | Rila i Bulgaria | |
Munning | Thessalonikibukta i Egearhavet, vest for Thessaloniki | |
Tilknytta land | Bulgaria, Hellas | |
Lengd | 230 km | |
Høgd over havet ved utspring | 2 240 m | |
Middelvassføring | frå 1 462 m³/s ved kjelda til Tsjerna Mesta til 29 285 m³/s ved Hadzjidimovo | |
Nedslagsfelt | 2 767,1 km² |
Mesta (bulgarsk: Места) eller Nestos (gresk: Νέστος) er ei elv i Bulgaria og Hellas. Ho har sitt utspring i Rilafjella i Bulgaria og munnar ut i Egearhavet nær øya Thasos. Ho stupar gjennom bratte juv mote Egearhavet gjennom stort sett metamorfe formasjonar. I den nedre delen renn elva ut over kystsletta Chrysoupolis og deler seg opp i eit deltasystem, kalla Nestosdeltaet, med fleire ferskvassinnsjøar og tjern. Mesta er 230 km lang, der 126 km i Bulgaria medan resten ligg i Hellas. Ho dannar fleire juv i Rila og Pirin.
Den lengste sideelva til Mesta er Dospat. Breidda av elva er stort sett dekka av lauvtre som strekk seg halvvegs mellom Bulgaria og Hellas, og ho dannar grensa mellom Gresk Makedonia og Trakia, i tillegg til grensa mellom prefektura Kavala og Xanthi.