Epirus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Epirus (gresk Ήπειρος, albansk Çamëria) er ein provins nordvest i Hellas. Han grensar til Vest-Makedonia og Thessali i aust, den ambrisiske bukta og provinsen Vest-Hellas i sør, det joniske havet og dei joniske øyane i vest og Albania i nord.
Epirus er delt inn i prefekta Arta, Jonnina, Preveza og Thesprotia. Provinsen har eit område på 9 200 km² og ein folkesetnad på om lag 350 000. Hovudstaden og største by er Jonnina med om lag 100 000 innbyggjarar. Folkesetnaden i dag er nesten utelukkande greskspråkleg og religionen er gresk ortodoks. Det er òg små romani-minoritetar der.
[endre] Historie
Historisk strakk Epirus seg lenger nord inn i dagens Albania. Det er framleis ein betydeleg gresk minoritet i det sørlige Albania, som grekarane kallar nordlege Epirus. Hellas fastheldt eit territorielt krav til det sørlige Albania i mange år, men i dag har begge landa anarkjent den noverande grensa. Hellas si største bekymring i dag er ulovleg innvandring av albanarar som søkjer arbeid i Hellas.
[endre] Geografi
Epirus består hovudsakleg av fjellrekkjer som nokre stader når 2600 moh. I aust formar Pindus-fjella ryggrada i Hellas og separerar Epirus frå Makedonia og Thessali. Mesteparten av Epirus ligg på vindsida av Pindus. Vindane frå det joniske hav gjev regionen meir regn enn nokon anna del av Hellas. Denne fordelen er sett tilbake av mangelen på dyrkbar mark og dårleg jordkvalitet. Resultatet er at landbruksproduksjonen i Epirus alltid har vore blant dei dårlegaste i Hellas. Det vert dyrka tobakk rundt Jonnina, og det er noko melkeproduksjon og fiske, men mesteparten av maten i området må importerast. Det har vorte jamt avfolka gjennom emigrasjon sidan det 19. århundret pga. få ressursar og industriar. Folkesetnaden er konsentrert i området rundt Jonnina som har noko produksjon og serviceindustri. Trass i mange attraksjonar har ikkje Epirus opplevd den turismen som mange andre delar av Hellas har.