Eriesjøen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eriesjøen | |
---|---|
|
|
Stad | Grensa mellom Canada og USA |
Koordinatar | |
Tilsig | Detroit River |
Utsig | Niagara River |
Tilknytta land | Canada og USA |
Største lengd | 388 km |
Største breidd | 92 km |
Overflateareal | 25 745km² |
Middeldjup | 19 m |
Største djup | 64 m |
Vassvolum | 484 km³ |
Hydraulisk opphaldstid | 2,6 år |
Kystlengd1 | 4385 km |
Høgd over havet | 174 m |
Øyar | 24+ |
Busetnadar | Buffalo Erie Toledo Monroe Cleveland |
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Eriesjøen (Lake Erie) er ein av dei store sjøane i Nord-Amerika. Sjøen grensar til delstatane Ohio, Pennsylvania, New York og Michigan. I nord grensar han til Canada. Eriesjøen er den trettande største ferskvass-innsjøen i verda. Sjøen har eit areal på 24 000 km2 og har ei gjennomsnittsdjupn på 19 meter. Han inneheld 483 km3 vatn.
Sjøen er kalla opp etter indianarfolket Erie, som budde i sør for sjøen før europeiske nybyggarar dreiv dei vekk frå området.
Sjøen skaper gunstige tilhøve for jordbruk i dei omkringliggande områda i Ontario, Ohio, Pennsylvania og New York. Sjøen inneheld mange fiskeartar og er populær både for sportsfiske og profesjonelle fiskeri. Men, etter at høge ureiningsnivå vart oppdaga på 60- og 70-talet har det vore ein lang debatt om forvaltning av sjøen og fiskeria.
Dei fem store sjøane er, Øvresjøen, Michigansjøen, Ontariosjøen, Eriesjøen og Huronsjøen.