Erik Hoftun
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erik Hoftun (fødd 3. mars 1969) er ein norsk fotballspelar og trenar som spelar for Bodø/Glimt.
I ei årrekkje spelte Hoftun midtstoppar på Rosenborg. Han har og spelt 30 kampar for det norske landslaget. Hoftun er ein av relativt få norske landslagsspelarar i nyare tid som aldri har spela for eit aldersbestemt landslag.
Hoftun starta seniorkarrieren sin i den lokale 3.divisjonsklubben KIL/Hemne. I 1992 reiste han til Molde, der han raskt blei fast inventar på førstelaget. Han spela to sesongar i Molde før han blei kjøpt av Rosenborg i 1994. Som Rosenborg-spelar har Hoftun vore med på å vinne 11 seriemeisterskap, og spelt ei rekkje kampar i Mesterligaen. Heile 6 år på rad - åra 1995 til 2000 vant Erik Hoftun Kniksenprisen som beste forsvarar. Ingen andre aktive fotballspelarar har vunne Kniksenprisen meir enn 3 år på rad, eller meir enn 4 prisar totalt.
Hoftun var med i den norske VM-troppen i Frankrike-VM i 1998, men sat på benken gjennom heile turneringa. Han ville truleg fått spele i EM-sluttspelet to år seinare, men måtte melde fråfall grunna skade.
Hoftun har ingen planar om å gje seg som fotballspelar med det første trass i sin høge alder. 20. juli tok Hoftun konsekvensane av lite speletid i Rosenborg og signerte for eliteseriekollegaen Bodø/Glimt.
Frå og med 2006-sesongen er Erik Hoftun spelande sportssjef i Bodø/Glimt.
[endre] Karriere som spelar
(Sist oppdatert 7. januar 2006)
Klubb | Kamper* | Mål* | Periode |
---|---|---|---|
KIL/Hemne | ? | ? | ????-1991 |
Molde | 44 | 5 | 1992-1993 |
Rosenborg | 276 | 14 | 1994-2005 |
Bodø/Glimt | 13 | 0 | 2005- |
* Berre seriekampar.