Føringsgrammatikk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Føringsgrammatikk, eng., Constraint Grammar (CG), sv. restriktionsgrammatik, fi. rajoitekielioppi er eit metodologisk paradigme for analyse av naturlege språk. Føringsgrammatikken tar utgangspunkt i ein fleirtydig grammatisk analyse, der kvar ordform har alle moglege analyser. Lingvistar skriv så reglar som vel rett analyse, ut i frå konteksten ordet står i (= legg føringar på kva analyse vi kan ha). Regelsettet er kompilert til ein grammatikk som vel rett analyse. Input-analysen kan vere av ulik slag, og representere morfologi, syntaks, dependens, valens, semantikk, osb. Reglane legg til, fjernar eller erstattar analyser, etter kontekst. Konteksten kan vere definert lokalt (ein eller eit par posisjonar til høgre eller venstre for ordet), eller globalt (langt unna ordet). Kontekstvilkåra i same regel kan bli knytt saman, negert, eller blokkert av mellomliggande ord eller taggar. Ein føringsgrammatikk for eit språk består som regel av tusenvis av reglar, som blir applisert i rekkjefølgje, gruppevis. Innafor kvar gruppe blir sikre reglar brukt før usikre. Ingen reglar kan fjerne den siste analysen til eit ord, slik at ein føringsgrammatikk alltid vil gje minst ein analyse av ei kvar setning.
Føringsgrammatikkonseptet vart introdusert av Fred Karlsson i 1990 (Karlsson 1990, Karlsson et al. 1995), og det har etter det vorte skrive føringsgrammatikkar for fleire språk, som har oppnådd nøyaktigheits-F-skåre for ordklassedisambiguering på over 99%. Mange føringsgrammatikksystem har oppnådd F-skåre for syntaktiske funksjonar på 95-97%. Føringsgrammatikk kan bli brukt til å lage fulle syntaktiske trestrukturar med å legge til små frasestrukturgrammatikkar eller dependensgrammatikkar, og fleire trebankprosjekt har brukt føringsgrammatikk for automatisk analyse. Føringsgrammatikk har også vorte brukt i mange språkteknologiske program, som grammatikkontroll (m.a. for bokmål) og maskinomsetjing (m.a. for dansk-engelsk).
[endre] Liste over føringsgrammatikksystem sortert etter språk
- Baskisk [1]
- Katalansk CATCG
- Dansk DanGram
- Engelsk ENGCG, ENGCG-2, VISL-ENGCG
- Esperanto EspGram
- Estisk [2]
- Finsk
- Fransk FrAG
- Tysk GerGram
- Irsk online
- Italiensk ItaGram
- Norsk online, Oslo-Bergen tagger
- Samisk online, documentation
- Spansk HISPAL
- Svensk SWECG
- Swahili
- Portugisisk PALAVRAS
[endre] Litteratur
- Karlsson, Fred 1990: Constraint grammar
- Karlsson, Fred, Atro Voutilainen, Juha Heikkilä, and Arto Anttila, editors. 1995. "Constraint Grammar: A Language-Independent System for Parsing Unrestricted Text (Natural Language Processing, No 4)" Mouton de Gruyter, Berlin and New York. ISBN 3-11-014179-5
- Eckhard Bick, 2000. "The Parsing System "Palavras": Automatic Grammatical Analysis of Portuguese in a Constraint Grammar Framework" Aarhus University Press ISBN 87-7288-910-1
![]() |
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |