Fammestad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fammestad er ei lita bygd i Lindås kommune i Nord-Hordaland. Bygda har eige ungdomslag med lagshuset Nyheim. Dei har også bygdekino i lagshuset Nyheim, som framsyner kino kvar søndag og nokon gongar lørdagar når det er barnefilmar. I bygda er det mange gardsbruk, og alle er blitt gradvis nedlagte, eit etter eit. Det ligg også ein fabrikk, Fossafe som lagar safar der.
I Fammestadtjørna er det mykje røye. Fiske er tillète etter avtale med grunneigarane. Kløvheim skule ligg ca. 1 kilometer frå bygda. Næraste tettstad er Knarvik.