Fascist
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein fascist er ein tilhengar av fascismen, ei politisk retning som oppstod i Italia etter første verdskrigen, under leiing av Benito Mussolini, men sidan spreidde seg til mange andre land.
Ordet kjem av det italienske namnet på dei første fascistiske gruppene, fasces di combattimento, kampforbund. Fasces var eigentleg ein bunt med kjeppar og eit symbol på romerske embetsmenn si makt.