Feitetysdag
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Feitetysdag eller feittysdag er den siste dagen før fasta tar til. Som namnet seier, fell han alltid på ein tysdag. Det var tradisjon for å eta mykje feit mat på feitetysdagen for å vera best mogleg førebudd på fasteperioden. Matskikkane har heldt seg godt mange stader, sjølv om få fastar lenger.
I mange land er feitetysdagen kjent som mardi gras (fransk for feitetysdag) og er den siste dagen i karnevalet. Den mest kjende feitetysdagsfeiringa er karnevalet i Rio de Janeiro.
[endre] Typisk feitetysdagsmat i Noreg
- Rømmegraut
- Saltkjøt og stappe (koka påsalta kjøt, gjerne av får, servert saman med kålrotstappe)
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |