Filippus Simonsson
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Filippus Simonsson baglarkonge eller Filip Simonssøn. Filippus var systerson av biskop Nikolas Arnesson. Etter at Erling Magnusson Steinvegg døydde i mars 1207 vart Filipus baglarane sitt kongsemne. Mellom han og birkebeinane sin konge, Inge II Bårdsson kom det til forlik i 1208. Riket vart delt i tre. Filip skulle få Opplanda og ein del av Vika, men ikkje kongsnamn. Filip skulle få gifta seg med kong Sverre Sigurdsson si dotter Kristin. Forliket var inngått på Kvitsøy i Rogaland fylke hausten 1208. Av dette kjem namnet "Kvitsøyforliket". Striden mellom baglane og birkebeinane i borgarkrigstida var då over, sjølv om det endelege forliket kom fyrst i 1217. Då Filip døydde i 1217 vart etterfylgjaren Håkon IV Håkonsson hylla av både baglarane og birkebeinane.