Finn Øglænd
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finn Øglænd (f. 7. oktober 1957) i Stavanger) er ein norsk forfattar, lyrikar, omsetjar og litteraturkritikar.
Øglænd har teke utdanning ved forfattarstudiet i Bø. Han har arbeidd ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Øglænd debuterte i 1983 med diktsamlinga Det opplyste landskapet. Han er ein produktiv forfattar, og har arbeidd både som lyrikar, romanforfattar og forfattar av barne- og ungdomsbøker. Øglænd har motteke fleire litterære prisar, mellom anna for ungdomsboka Dei penaste jentene på TV (2001). I 1998 vart han nominert til både Brageprisen og Norsk litteraturkritikerlags barnebokpris for ungdomsboka Fem dagar, fire netter.
Innhaldsliste |
[endre] Verkliste
- Det opplyste landskapet – dikt (1983)
- Flammande mørke – dikt (1985)
- Mannen utan ansikt – roman (1985)
- Den niande himmelen – dikt (1986)
- Hengt manns himmel – dikt (1987)
- Opp i røyk. Pusteøvingar – dikt (1988)
- Pariserloff – roman (1988)
- Exit – dikt (1989)
- Auge i stein – dikt (1990)
- Underlege gjerningar – dikt (1991)
- Mannen med dei grøne fingrane – barnebok (1992)
- Mellomrom – dikt (1992)
- Ei fjør i hatten og andre dikt for barn – barnebok (1993)
- Hjarteblod – roman (1993)
- Dyra i Halvferdigskogen – barnebok (1994) (illustrert av Akin Düzakin)
- Den nye poesi-handboka – dikt (1994)
- Dikt i utval – (1994)
- Ramle- og skramlevers – barnebok (1995)
- Mortifikasjon – dikt (1997)
- Sjelefred – roman (1998)
- Fem dagar, fire netter – ungdomsbok (1998)
- Ubotelege rørsler – dikt (1999)
- Vers på tvers – barnebok (1999) (illustrert av Øyvind Torseter og Saeko Matsushita)
- Passe hard, passe mjuk – ungdomsbok (1999)
- Dei penaste jentene på TV – ungdomsbok (2000)
- Hjartets protokollar – kortprosa (2000)
- Poesi er for desperados – dikt (2001)
- Stina på månen – barnebok (2002) (illustrert av Kristin Roskifte)
- Dikt mot det nødvendige – dikt (2002)
- Rebell – ungdomsbok (2003)
- Amok – noveller for ungdom (2004)
- Opphav – dikt (2004)
- Det nye dyrealfabetet – barnebok (2005)
- Eksil – dikt (2006)
[endre] Drama
- Berre ikkje noko skjer – skodespel (1999)
[endre] Attdiktingarr
- Livet er enkelt og greitt. Sju franske poetar i utval (1988) (saman med Rolf Enger)
- Eugène Guillevic: Den nærsynte horisonten (1991) (saman med Anne-Birgitte Rønning)
- Charles Simic: Dikt i utval 1995)
- Mark Strand: Svarte kart (1996)
- James Wright: Greina brotnar ikkje (2003)
- Rutger Kopland: Ei verd utanfor meg sjølv (2005)
[endre] Prisar
- Sunnmørsprisen 2000, for Dei penaste jentene på TV
- Skolebibliotekarforeningens litteraturpris 2001, for Dei penaste jentene på TV
- Samlagsprisen 2005