Fjernsynsprogrammet Idol
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Idol er eit norsk fjersynsprogram på kanalen TV2, basert på det populære britiske programmet Pop Idol. Programmet skildrar formålet sitt i undertittelen «jakta på ei superstjerne». I Idol vert vanlege menneske invitert til å synge i ein audition i fleire byar. Eit panel på 3–4 domarar inviterer nokre av deltakarane til å delta vidare i programmet. Deltakarane vert færre og færre ved at det vert gjennomført fleire songprøver, der kun nokre deltakarar går vidare. Etterkvart er det opp til fjernsynssjåarane å avgjere kven som skal gå vidare, ved å stemme på sine favorittar ved hjelp av telefon og SMS. Programmet er no inne i sin fjerde sesong i Noreg.
[endre] Vinnarar
- 2003 – Kurt Nilsen
- 2004 – Kjartan Salvesen
- 2005 – Jorun Stiansen
- 2006 – Aleksander Denstad With
[endre] På verdsveven
Kategoriar: Idol | TV 2