Flakstad kyrkje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flakstad kyrkje | ||
Set inn eit bilete av denne kyrkja! |
||
Generelt | ||
Innvigd: | 1780 | |
Sokn: | Flakstad | |
Kyrkjegard: | ved kyrkja | |
Arkitektur | ||
Type: | krosskyrkje | |
Materiale: | tre | |
Kyrkjerommet | ||
Plassar: | 300 | |
Flakstad kyrkje ligger på staden Flakstad i Flakstad kommune i Nordland. Kyrkja er ei krosskyrkje i tre med 300 plassar. Ho vart bygd i 1780 og omvølt i 1872 og 1938. Ho tilhøyrer Flakstad sokn i Lofoten prosti.
Flakstad kyrkje er første gang nemnd i skriftlege kilder i 1413. [1] Ei kyrkje på Flakstad vart bygd i 1430. Ho vart ødelagt av storm på 1700-tallet. Den nye kyrkja vart bygd av tømmer frå Russland. Den vart bygd utanpå den gamle kyrkja. Ei av lysekronene i kyrkja kjem òg frå Russland. Fleire av gjenstandene i dagens kyrkje stammer frå den gamle kyrkja, deriblant to lysekroner, altertavla og preikestolen.
Ein orkan blåste tårnet av kyrkja i 1874. Tårnet vart deretter sett opp i vestenden av kyrkja. Under ombygginga i 1938 vart tårnet sett på plass att midt over kyrkjekrossen, i kyrkjetaket. [2]
![]() |
Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over religionsspirer. |