Flint
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flint er ein hard bergart med glassaktig utseende og med sedimenter opprinnelse. Flint er samensatt av kvarts og kalsedon. Flint har ofte eit kalklag på yttersida. Den fins som knollar eller lag i krittavleiringar, og flinten kan være svart, grå, gulaktig eller raudbrun av farge, med ein lysare overflate. Flint fins ikkje opphaveleg i Noreg, men fins enkeltvis langs kysten der den har komen med drivis sørifrå under istidane. Flint fins i hovudsak i lag frå juratida og i den øvre krittida.
[endre] Danning
Korleis flint dannast er ikkje heilt avklart. Ein trur at flint dannast som eit resultat av kjemiske forandringar i samenpressa sedimentere steinformasjonar gjennom ein diageneseringsprosses.
[endre] Annvending i steinaldaren
Flint var det mest brukte materialet til å lage reiskaper med, til dømes knivar og økser. Tilhugginga til desse reiskapene kalles knapping eller knakking.
Fyrtøy frå steinaldaren bestod av ein flintstein, svovelkis som gjer gnister og noko lett brennbart, til dømes knusk, og svovelkis.
[endre] Annvending i dag
I dag speler flintstein ein mindre viktig rolle. Flint brukes i nokre typar asfalt for å forbedre asfaltens reflekterande virkning. Fint malt flintstein nyttast som slipemiddel.
Frå det 16. århundre til det 19. århundre vart flintstein brukt i fyrtøy. Flinten slo mot eit slagjern som gav gnister som tente lett brennbart pulver. Flint vart brukt i flintbørser heilt opp i 1700-talet.