Forfattar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein forfattar lagar skriftlege åndsverk. I dag reknar me som regel forfattarar som dei som får gjeve ut bøker, medan dei som skriv kortare artiklar for aviser og tidsskrift blir rekna som journalistar eller skribentar.
[endre] Ulike typar forfattarar
- Romanforfattarar skriv lange skjønnlitterære forteljingar som strekkjer seg over ei eller fleire heile bøker.
- Novelleforfattarar skriv kortare skjønnlitterære forteljingar (noveller) der kvar forteljing er vesentleg kortare enn eit heilt band.
- Diktarar (også kalla poetar og lyrikarar) skriv dikt.
- Fagbokforfattarar eller skulebokforfattarar skriv fagbøker eller lærebøker (skulebøker).
- Essayistar skriv essay, kronikkar og liknande relativt kortfatta materiale med popularisert, polemisk og/eller vittig innhald.
- Leksikografar eller ordboksforfattarar/leksikonforfattarar arbeider med skriving av oppslagsverk som ordbøker eller leksikon.
- Librettistar skriv tekst til operaer, kantater eller oratorium.
- Dramatikarar eller skodespelforfattarar skriv skodespel.
[endre] Sjå òg
Eg er berre ei spire med tankar få eg veks berre til om du fyller på |
![]() |
Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide denne spira.. |
Oversyn over litteraturspirer. |