Gabriel Scott
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gabriel Scott Jensen, kjend som Gabriel Scott, (8. mars 1874 – 9. juli 1958) var ein norsk forfattar, kjend m.a. for verka Fant og Tante Pose.
Gabriel Scott vart fødd i Leith i Skottland, medan faren var sjømannsprest der. Då han byrja å skriva for å få det utgitt rådde far hans han til å bruke mellomnamnet Scott som etternamn for at folk lettare skulle kjenna namnet att, før det hadde han brukt Jensen som etternamn.
I 1883 flytta familien til prestegarden på Høvåg, men i 1887 flytta han til Kristiansand for å studera. Han gjekk tre år på realskule før han slutta på skulen.
I ungdomen skreiv han sine første litterære verk, som var ei rad dikt som vart publisert i lokalavisene. Etter kvart skreiv han fleire dikt, teaterstykke, barnebøker og nokre noveller.
I 1915 gifta Scott seg for andre gong, då var han som 41-åring enkemann etter den fyrste kona. Det andre ekteskapet enda i skilsmål i 1918 og han gifta seg på nytt allereide same året. På denne tida budde han på Tromøya utanfor Arendal. I 1917 fekk Scott skøyte på det som vart kjend som Maagereiret, ved Galtesund på Tromøy.
Kilden vert rekna som hans største verk, og kom ut etter fyrste verdskrig. Romanen handlar om den fromme fiskaren Markus og hans gode syn på livet, trass i sterk motbør frå mange medmenneske. Markus klarar å setja pris på alt i livet, om det er godt eller ikkje fullt så godt.
[endre] Filmar som byggjer på bøker av Gabriel Scott
- 1937 Fant, regi: Tancred Ibsen
- 1939 De Vergeløse, regi: Leif Sinding
- 1940 Tante Pose, regi: Leif Sinding
[endre] Meir å lesa om Gabriel Scott
- Truls Erik Dahl: Gabriel Scott - et levnetsløp, Juni forlag, 1998 ISBN 82-91674-15-9