Garmisch-Partenkirchen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Garmisch-Partenkirchen er ein by i den tyske delstaten Bayern, og ligg idyllisk til i dei tyske alpane, like ved grensa til Austerrike og ved foten av det høgste fjellet i Tyskland, Zugspitze. Byen har 29875 innbyggjarar (2004).
Dei olympiske vinterleikane vart haldne her i 1936. 1. januar vert det kvart år arrangert nyårshopprenn her; eit høgdepunkt i den tradisjonsrike hoppveka.
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |