Geordie
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Geordie er eit omgrep som vert nytta for personar som kjem frå Tyneside (medrekna byen Newcastle) og frå det tidlegare koldistriktet County Durham i Northumberland, og for dialekten som vert snakka der. Der finst fleire ulike teoriar på korleis ordet oppstod, men alle er samde om at det kjem av eit kallenamn for namnet «George».
[endre] Dialekten geordie
Dialekten som går under namnet «Geordie» har mellom anna desse kjennemerka:
- Kort (u), som blir uttala som [ʌ] eller [ə] i dei fleste former av engelsk, blir uttala som [ʊ]: up > [ʊp] (ikkje [ʌp]/[əp].
- (ou), som blir uttala som ein diftong (oftast [əʊ] eller [aʊ]) i dei fleste former av engelsk, blir uttala som [ʊ:]: cow > [kʊ:ə].
- (r) blir ofte uttala som ein skarre-r: brown > [bʁʊ:ən]
[endre] Bakgrunnsstoff
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |