Glåmos
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Glåmos er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Sør-Trøndelag fylke. Kommunen vart oppretta i 1926 då Røros blei delt i fire (Brekken, Glåmos, Røros og Røros landsogn). Glåmos hadde ved opprettinga 983 innbyggjarar.
1. januar 1964 vart dei fire kommunane på nytt slegne saman til ein kommune med namnet Røros. Glåmos hadde på dette tidspunktet eit folketal på 700.