Grønsund
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grønsund er eit sund i Danmark mellom øyane Falster på eine sida og Møn og Bogø på den andre. På det djupaste er sundet om lag 20 meter og har ei breidd på mellom 1 og 4 km. Storstrømmen ligg i vest og Stege Bugt ligg i nord mellom Sjælland og Møn. Ei ferje kryssar sundet om sommaren frå Stubbekøbing til Bogø. Grønsund har fleire grunne område, t.d. nær Bogø, i tillegg til kraftig og skiftande straum. Området har ein rik sjøvegetasjon, og sundet er ein viktig yteplass for dyreliv og fisk. Mange fuglar held til nær sundet, som skarv, knoppsvane, grågås, stjertand, skjeand, ærfugl, klyde og fleire vadefuglar, måsar og ternar. I tillegg kan ein finne nise i sundet.
[endre] Oljesøl
29. mars 2001 kolliderte oljetankaren «Baltic Carrier» med bulkskipet «Tern» i vestlege område av Austersjøen nær sjøgrensa mellom Tyskland og Danmark, og 2 700 tonn bunkerolje lak ut frå skipa i ope hav. Oljeflaka dreiv mot den danske kysten, og Grønsund vart det området som vart hardast råka.
[endre] Kjelde
- Miljørapport om oljeutsleppet frå Baltic Carrier.
- Om hekkande fuglar i området.
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Grønsund frå Engelsk Wikipedia.