Grip
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grip er eit lite fiskevær rett nord for Kristiansund og vestanfor Smøla og Tustna på Nordmøre. Grip var tidlegare eigen kommune, men vart i 1964 innlemma i Kristiansund kommune. Ved samanslåinga var det om lag 70 menneske som budde på Grip, dei siste forlét henne i 1974. No er det ingen fastbuande på øya, men ho er mykje brukt som ferieplass om sommaren.
Grip er mellom anna kjend for sitt historiske minnesmerke Grip kyrkje — ei stavkyrkje som vart bygd ein gong på 1400-talet. Her er òg eit fyrtårn som vart bygd i 1888.