Guden Kvasir
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvasir eller Kvase var i norrøn gudetru det visaste vesenet, skapt av spytt frå vaner og æser då dei to gudeslektene slutta fred.
Han blei drepen av dvergane Fjalar og Galar, som brygga mjød på blodet hans. Den som drakk av denne mjøden fekk visdom og skaldeevner.
Jotna Suttung fekk denne mjøden frå dvergane i bytte mot livet deira, og Odin stal seinare drikken og tok han med seg til Åsgard.
Den norske søkemotoren Kvasir er kalla opp etter vismannen.