Gunnar Sønstevold
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnar Sønstevold (fødd 26. november 1912, død 18. oktober 1991) var ein norsk komponist og var òg ein kjent jazzpianist i trettiåra. Han var uvanleg mangslungen i uttrykksform og i siste perioden var musikken hans prega av tolvtoneteknikk.
[endre] Biografi
Sønstevold studerte piano med Nils Larsen og Erling Westher. I 1930-åra utmerka han seg som jazzpianist i gruppa Funny Boys. Under den tyske okkupasjonen var han flykting i Sverige kor han kom i kontakt med det som skulle bli den namnkjende måndagsgruppa. Leiar i gruppa var komponisten Hilding Rosenberg som òg vart Sønstevold sin lærar i komposisjon. Etter krigen kom han tilbake til Noreg og arbeidde med film- og teatermusikk. I perioden 1960–1967 studerte han komposisjon ved Hochschule für Musik und Darstellende Kunst i Wien. I 1967 vart han tilsett som musikalsk leiar i NRK. Han har undervist ved Institutt for musikkvitskap ved Universitetet i Oslo.
Gunnar Sønstevold var gift med den svenske komponisten Maj Sønstevold.
[endre] Verk (utval)
- 1964 – The Dorian Cage
- 1971 – Litany i Atlanta til minne for Louis Armstrong
[endre] Filmmusikk (utval)
- 1944 – Lev farlig
- 1946 – Englandsfarere
- 1949 – Vi flyger på Rio
- 1952 – Nødlanding
- 1952 – Musikk på loftet
- 1954 – Roald Amundsen
- 1957 – Ni liv
- 1957 – Fjols til fjells
- 1961 – Bussen
- 1963 – Om Tilla
- 1968 – Bare et liv - historia om Fridtjof Nansen
- 1969 – Huset på grensen
- 1969 – An-Magritt
- 1970 – Antigone
![]() |
Denne artikkelen om ein musikar er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over musikarspirer. |