Hägglunds Bv206
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hägglunds Bv206 er eit svenskprodusert amfibisk rammestyrt beltedrivi terrengkjøretøy, utvikla på 1980-tallet. I 2005 er den i bruk i 35 land, blant anna av det norske forsvaret, der det erstatta Volvo BM BV202. Forsvaret kallar det BV-206 (altså med bindestrek), og brukar det i hovudsak som personellkjøretøy for motorisert infanteri. Den blir også bruka i fleire versjonar som til dømes bombekastar, sambandsberar og ambulanse. Forsvaret oppgir prisen på ei vogn til å vera rundt 1,3 millionar og driftskostnadene per kilometer til å være kroner 63, begge i 1996-kroner [1].
Vogna består av to separate delar, og er rammestyrt ved at hydrauliske sylindrar verkar på leddet mellom vognene. Det er drift på alle fire belta, som er av stålforsterka gummi. Den ekstra girkassa er utstyrt med lågserie. Bv206 flyt, og kan ta seg over åpent vann med belta som framdrift.
[endre] Variantar
Namnet på variantane er Hägglunds namn. Dei forskjellige militærvesena der vognene er i bruk kan ha andre nemningar.
- Bv206 – basisvariant, vanlegvis fem- eller seksylindra turbodieselmotor frå Mercedes eller i enkelte tilfeller sekssylindra (V6) bensinmotor fra Ford.
- Bv206S – pansra mot splinter, turbodieselmotor.
- BvS10 – tyngre pansra enn Bv206S.
- TL-4 – større versjon med Cummins turbodieselmotor og hytte fra Volvo lastebil, bl.a. i bruk av Sysselmannen på Svalbard. Ikkje amfibisk.
- TL-6 – videreutvikling av TL-4, bl.a. i bruk av Norsk Polarinstitutt. Ikkje amfibisk.
[endre] På verdsveven
- Hägglunds heimeside (engelsk)
Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over militærspirer. |