Høgnorskringen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Høgnorskringen er ein heller lausleg ihopbunden ring av høgnorskvener, spreidde kring i landet, med sæte i Oslo.
Laget vart skipa i 1994 etter fyrearbeid av millom anna den tidlegare bladstyraren for Vestmannen, Jostein Krokvik. Meiningi var fyrst å vekkja liv i Sunnmøre Høgnorsklag att, men sidan folk melde seg frå vide kantar, vart landslutnamnet lite høveleg, og ein stogga ved det landsdekkjande namnet Høgnorskringen.
Laget gjev ut Høgnorsknytt og Norsk Årbok. Formann er Håvard Tangen. Laget er med i samskipnaden Ivar Aasen-sambandet.