Hai
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haiar |
||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
![]() Foto: Matthias Kleine |
||||||||
Systematikk | ||||||||
|
||||||||
Ordenar | ||||||||
Carcharhiniformes |
Haiar (Selachimorpha) er ei overorden bruskfisk med bruskskjelett og som regel straumlinjeforma kropp. Det finst åtte ordenar hai, i norske farvatn treff me på tre.
Innhaldsliste |
[endre] Skildring
Haiane er ei stor og variert gruppe fisk som har det til felles at dei har skjelett i brusk, pustar med fem gjelleopningar og hardt, sandpapiraktig skinn. Det finst artar i alle storleikar, frå pygmehaien Euprotomicrus bispinatus på 22 cm til kvalhaien (Rhincodon typus), som kan bli godt over 15 meter i lengd.
[endre] Haien og mennesket
Haiane har eit særs dårleg rykte som nokre av dei mest blodtørstige dyra i havet. Dette er, som så mange andre rykte, overdrive; det finst berre ein ti-tjue av over 360 artar som er i stand til og interessert i å gå til åtak på menneske. Store tropiske haiar som kvithaien (Carcharodon carcharias) og tigerhaien (Galeocerdo cuvier) må ein likevel passa seg for.
I Noreg har haiar aldri vore særleg viktige i fiske, men elles i verda vert mange haiar jakta på både for huda, finnene og kjøtet. Dei er òg populære mellom sportsfiskarar. Ein reknar med at 100 millionar haiar vert drepne av menneske årleg på verdsbasis.
[endre] Haiar i norske farvatn
![Brugda er den nest største haiarten i verda med sine opptil 13 meter](../../../upload/shared/thumb/0/0a/Basking_Shark.jpg/300px-Basking_Shark.jpg)
I Noreg førekjem det 18 artar hai, korav 10 berre vert rekna som gjestar. Dei fordelar seg på fire ordenar og ni familiar.
- Hexanchiformes
- Hexanchidae
- Kamtannhai (Hexanchus griseus)
- Chlamydoselachidae
- Kragehai (Chlamydoselachus anguineus)
- Hexanchidae
- Lamniformes
- Lamnidae
- Håbrann (Lamna nasus)
- Makrellhai (Isurus oxyrinchus)
- Cetorhinidae
- Brugde (Cetorhinus maximus)
- Alopiidae
- Revehai (Alopias vulpinus)
- Scyliorhinidae
- Småflekka raudhai (Scyliorhinus caniculus)
- Hågjel (Galeus melanostormus)
- Storflekka raudhai (Scyliorhinus stellaris)
- Carcharinidae
- Blåhai (Prionace glauca)
- Gråhai (Galeorhinus galeus)
- Kvitflekka glatthai (Mustelus asterias)
- Squaliformes
- Pigghå (Squalus acanthias)
- Svarthå (Etmopterus spinax)
- Håkjerring (Somniosus microcephalus)
- Gråhå (Deania calceus)
- Spansk håkjerring (Scymnorhinus licha)
- Lamnidae
- Squatiniformes
- Squatinidae
- Havengel (Squatina squatina)
- Squatinidae
[endre] Eksterne lenkjer
Kategoriar: Fisk | Havet | Bruskfisk