Hans Vogt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Vogt (fødd 1903, død 1986) var språkforskar, professor i språkvitskap ved Universitetet i Oslo frå 1946, og rektor ved same universitet frå 1964 til 1969.
Vogt er ein av Noregs mest kjende språkforskarar, spesielt kjend er han for arbeida sine om kaukasiske språk. Grammatikkken hans over georgisk frå 1971 er framleis ein av standardgrammatikkane over georgisk. I lag med Knut Bergsland skreiv han ein sentral artikkel som i praksis falsifiserte glottokronologi som språkvitskapleg teori.
I 1945 skreiv Vogt den første innføringsboka i språkvitskap til bruk for nye studentar, den vart dessverre lite brukt, i og med at Alf Sommerfelt] to år etter skreiv ei tilsvarande bok. I 1948 tok Vogt initiativet til å ta opp att verksemda i Norsk forening for sprogvidenskap, som hadde lege nede sidan slutten av 1920-talet.
Vogt deltok også i den norske språkstriden, som riksmålsmann og medlem av Det Norske Akademi. Han var formann for Vogt-komitéen.
[endre] Bibliografi (utval)
- Vogt, Hans 1932: Målstrid og klassekamp. Oslo: Fram forlag.
- Vogt, Hans 1945: Forelesninger i almen språkvitenskap : (det propedeutiske kursus Universitetet i Oslo: Lingvistisk institutt.
- Bergsland, Knut; & Vogt, Hans. 1962: On the validity of glottochronology. Current Anthropology, 3, 115-153.
- Vogt, Hans 1971: Grammaire de la langue géorgienne.
![]() |
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |