Harald Martin Brattbakk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harald Martin Brattbakk (fødd 1. februar 1971 i Trondheim) er ein norsk fotballspelar. Frå 1. august 2005 speler han spiss på Bodø/Glimt. Mest fartstid har han likevel frå Rosenborg.
Med 161 mål pr. 12. juni 2005, er Brattbakk den spelaren som har skåra flest mål i den norske toppdivisjonen i fotball gjennom tidene. Det tok imidlertid lengre tid enn dei fleste hadde venta før han klarte denne bragden. I 2004-sesongen sleit han og måtte finne seg i å dele topplassen (159 mål) med Petter Belsvik ut sesongen. Brattbakk inntok endeleg trona aleine 29. mai 2005 på eit straffespark (som han sjølv laga) borte mot Odd Grenland.
På Rosenborg har han spelt til saman 10 sesongar. Elles har han spelt for Kolstad, Bodø/Glimt, Glasgow Celtic og FC København.