Hardangerbrua
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hardangerbrua er ei bru som – når ho står ferdig – skal erstatta dagens ferjesamband mellom Bruravik og Brimnes i Hardanger. Etter planen skal brua stå ferdig i 2011.
Brua vil i fylgje planane verta kring 1 380 meter lang, og vert med det ei av dei lengste hengjebruene i verda. Mellom anna vil brua verta lengre enn Golden Gate Bridge i San Francisco i USA. Brutårna får ei høgd på kring 186 meter, medan seglingshøgda vert 55 meter.
Totalt vil brua kosta i overkant av 1,8 milliardar 2005-kroner, noko som skal finansierast gjennom både bompengar, fylkeskommunale tilskot, innsparte ferjetilskot og ordinære statlege midlar.
Hardangerbrua vart i 1996 røysta ned av Stortinget, men i løpet av åra fram til den nye avrøystinga har opposisjonen endra standpunkt i saka, og bruprosjektet vart vedteke den 28. februar 2006 med 79 mot 24 røyster.
[endre] For og mot brua
Tilhengjarar av brua har argumentert for at brua vil letta køyring både innetter i Hardanger og mellom Austlandet og Vestlandet. Aust-vest vil brua føra til utbetring av riksveg 7 over Hardangervidda og nord-sør av riksveg 9 og riksveg 13. Motstandarar av brua har drege fram at auka trafikk over Hardangervidda vil føra til vanskar for villreinstamma der. Ei bru vil føra til endring av fjord- landskapet, og ein vil ikkje kunna gå under brua med høge cruiseskip. Mange turistar kjem til området for å sjå det særmerkte landskapet.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Brujubel i vestlandsver, frå Hardanger Folkeblad – 28. februar 2006
- Hardangerbrua ferdig i 2011 Bergens Tidende
- «Bru over Hardangerfjorden vedtatt», frå VG – 28. februar 2006
- www.hardangerbrua.no
- Motstanden mot Hardangerbrua framleis stor www.naturvern.no
- St.prp. nr. 2 (2005-2006) Om utbygging og finansiering av rv 7/rv 13 Hardangerbrua i Hordaland