Hellbillies
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hellbillies er ei countryrockgruppe frå Ål i Hallingdal som blei starta i 1990, og som sidan starten har hatt stor suksess. Dei har pr. april 2005 gitt ut ni plater som alle har selt svært bra.
Tekstane er skrivne på nynorsknært hallingmål og dei er om alt frå kvardagslege og jordnære ting til djupare stoff. Dei har au samarbeidd med musikarar frå USA: Rob Hajacos frå Nashville, som spelar fele på dei fleste platene av Garth Brooks, spelar au fele på tre av platene til Hellbillies. Han har au vori to gonger i Noreg for å halde konsertar og spela inn plater saman med Hellbillies.
[endre] Diskografi
- Sylvspente boots – 1992
- Pela stein – 1993
- Fekk Spellemannsprisen for beste «roots»-plate i 1993. Spela inn i Crazy Mama's Studio, Nashville.
- Lakafant – 1995-04
- Drag – 1996-11
- Innspela i Nashville.
- LIVe LAGA – 1997-10-13
- Spela inn live på Down on the farm-festivalen i Østfold.
- Sol over livet – 1999-04-19
- Studioalbum.
- Urban Twang – 2001-02-26
- Selde i over 30 000 eksemplar den fyrste månaden, noko som kvalifiserte til gullplate. Spela inn i Hit Shack Studio i Austin, Texas med Stephen Bruton som produsent.
- CoolTur – 2002-09-02
- Niende – 2004-03-29
- Røta – 2006-06-16
- Samling med Hellbillies beste - live frå Rockefeller - seksarterning i VG
[endre] På verdsveven
![]() |
Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over musikkspirer. |