Herøyspelet Kongens Ring
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herøyspelet Kongens Ring er eit historisk spel og musikal, som utspelar seg på øya Herøy i Herøy kommune på Sunnmøre.
Herøyspelet vart fyrste gong sett opp i 1992 etter eit manus av Rolf Losnegård og musikk av Svein Møller. Gerald Pettersen har heilt sidan starten vore regissør, men fekk i 2005 for første gong med seg ein assistent, Katrine Dale. Heilt sidan starten har òg kjende, norske skodespelarar hatt roller i Herøyspelet, mellom andre Helge Jordal og Karoline Krüger. Blant skodespelarane som er med i 2005, finn ein mellom anna Agnes Kittelsen, Gard Skagestad og Hedvig Garshol.
Innhaldsliste |
[endre] Manuset
Manus er laust basert på teksten i kapittel 142 i Heimskringla, soga om Olav den Heilage. Der står det at kongen var innom Herøyane, det som ein i dag kallar Herøyholmane, og utfordra dei i gjestebodet om å reise til Færøyane for å krevje inn skatt. Den som meldte seg var til slutt Karl Mørske eller Møre-Karl, ein av dei som i utgangspunktet var i mot det kongen stod for. Rundt denne soga, er det bygd opp ei dramatisk historie der nære og personlege problemstillingar er sentrale, og då særskilt rundt Unn den fagre. Kristninga av Noreg og den heidenske kulturen fungerer som eit bakteppe for hendingane.
[endre] Aktørar
- Regissør: Gerald Pettersen (1992—2005)
- Regiassistent: Katrine Dale (2005)
- Komponist: Svein Møller
- Forfattar: Rolf Losnegård
- Forteljar: Bjørn Holum (1992—2005)
[endre] Roller
- Unn den fagre:
- Fe den synske: Bjørn W. Andersen (2001—2005)
- Olav Haraldsson: Gard Skagestad (1999—2005)
- Kjerring Bråte: Nina Elisabeth Bøe (2002—2005)
- Karl Mørske: Jon Bleiklie Devik (2005)
- Ragnar Herøyhovding, far til Unn den fagre: Randolf Walderhaug (2005)
- Ingolv Ynda: Thomas Myklebust (2002—2005)
- Inga, mor til Unn den fagre: Hedvig Garshol (2005)