Hesjestaur
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hesjestaur er ein type trestaur som vert nytta når ein skal setja opp ei hesje. Mellom kvar hesjestaur vert det drege ein hesjestreng, som ein heng gras til tørk på. Einer vert ofte nytta som emne til hesjestaur.
I norsk politikk er hesjestaur kjend gjennom eit sitat frå Per Borten. Då han skulle skildra korleis det var å vera statsminister i samlingsregjeringa Bortenregjeringa, sa han Det har vore som å bera staur.
Sitatet spelar på at når ein skal bera ei bør med hesjestaur eller gjerdestaur, så har børa lett for å sprika og falla frå kvarandre.