Hey You
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
"Hey You" er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters. Songen vart gjeve ut på albumet deira The Wall i 1979, og er første song på den andre plata av dobbeltalbumet. Songen er ikkje med i filmutgåava av albumet, fordi ein meinte at filmen ville bli for lang. Klippet som var meint for filmen kan ein derimot sjå som ekstramateriale på DVD-utgåava av filmen.
Innhaldsliste |
[endre] Komposisjon
Songen opnar med berre ein akustisk gitar, og ein bass som liknar opninga av «Pigs (Three Different Ones)» som kjem inn like etter. Så kjem synthesizer, vokal og til slutt trommer. I midten av songen er det ein gitarsolo med hovudmelodilinja frå songen «Another Brick in the Wall». Etter dette kjem eit rolegare parti med berre synth, bass og trommer, så eit parti med berre synth og akustisk gitar, før bassen kjem inn på ny. På dette tidspunktet kan ein høyre kviskring i den venstre kanalen, før trommene kjem inn og siste verset startar. Rundt 3:23 ut i songen kan ein høyre ein sonarliknande lyd, som «ping»-lyden som startar «Echoes». Å bruke om att slike effektar var ganske vanleg for Pink Floyd. Generelt sett har songen ei kjensle av fortviling, som så mange andre songar på The Wall.
[endre] Plot
Som så mange andre songar på albumet fortel «Hey You» ein del av historia til hovudrolla Pink. Pink forstår at han no er fullstendig stengd ute frå samfunnet, og gjer eit forsøk på å få kontakt med omverda igjen. Muren hans stenger han derimot inne, og ingen kan høyre han, og kvart rop vert meir og meir desperat.
[endre] Fakta
- Etter 10 sekund kan ein høyre ein klikkelyd om ein skrur volumet høgt nok opp. Dette er mest sannsynleg trommestikkene til Nick Mason.
- Songen skulle opphavleg plasserast mellom «Comfortably Numb» og «The Show Must Go On». Denne rekkefølgja vart brukt på demoutgåver, men vart endra før den endelege utgjevinga.
- Songen har blitt spelt av det amerikanske bandet Dream Theater.
[endre] Medverkande
- David Gilmour - gitar, pedal steelgitar, bandlaus bass og vokal.
- Nick Mason - trommer
- Roger Waters - vokal
- Richard Wright - elektrisk piano, orgel og synthesizer
- James Guthrie - drill
[endre] Kjelde
- Fitch, Vernon. The Pink Floyd Encyclopedia (3rd edition), 2005. ISBN 1-894959-24-8