Holmlia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Holmlia ligg i bydelen Søndre Nordstrand i Oslo, og har om lag 12 000 innbyggjarar. Terrenget på Holmlia er kupert, og bustadene er organisert i klynger av lågblokker og rekkehus, med mange vegetasjonsbelte og bilfrie område. Området har vore planlagt slik for å gjere butilhøva best moglege, som eit resultat av lærdomen frå enkelte negative erfaringar frå andre drabantbyar i Oslo. Busetjinga er organisert i burettslag, og OBOS og USBL er sentrale utbyggjarar på Holmlia.
Den første innflyttinga starta i 1981, og i dag er ein stor del av innbyggjarane barn og unge. Kvar 4. innbyggjar har vandra inn frå land utanfor Vesten. Bydelen Søndre Nordstrand er eit av dei største og nyaste bustadområda i byen, og har om lag 30 000 menneske frå 60 ulike nasjonar, med om lag 125 ulike språk.
[endre] Burettslag på Holmlia
- Bertramjordet borettslag
- Fjeldlund boligsameie
- Hallagerbakken borettslag
- Lerdalstoppen borettslag
- Liakollen borettslag
- Midtre Ravnåsen borettslag
- Nordskrenten borettslag
- Skovbakken borettslag
- Sloreåsen borettslag
- Søndre Åsgården borettslag
- Vestskrenten borettslag
- Åstun borettslag